Kommunane Stord, Fitjar og Tysnes har konkurranseutsett helsevikartenesta. Sist veke skreiv dei tre kommunane avtale med vikarbyrået Adecco.

Behovet for vikarar er stort, og Stord kommune leiger inn personell for millionbeløp årleg. I følgje innkjøpssjef Odd Magne Agdestein er det liten prisforskjell mellom innleige gjennom vikarbyrå og eigne tilsette vikarar.

Den nye avtalen skal vera med å sikra tilgang til vikarar til institusjonar og heimebaserte tenester. Det er primært sommarvikarar som skal leigast inn, men også sjukevikarar kan vera aktuelt.   

Fagleg godkjende

Vikarbyrået Adecco leiger ut både norske og utanlandske vikarar. For å vera aktuelle skal dei vera fagleg godkjende sjukepleiarar, hjelpepleiarar eller anna helsefagpersonell, og dei må snakka nordisk språk.

På oppstartsmøte fredag 4. juni var representantar frå helsetenestene i dei tre kommunane, Sunnhordland Interkommunale Innkjøpsforum, og representantar frå Adecco samla i kommunestyresalen på Stord.

Internasjonal arbeidskraft

Grunna stor mangel på sjukepleiarar i Noreg, er me i følgje statsminister Jens Stoltenberg, avhengig av internasjonal arbeidskraft.

Fleire av helsearbeidarane som Adecco leiger ut kjem frå Polen.

– Dei polske sjukepleiarane går først fire månader på språkskulen vår i Polen, før dei tek eksamen i Oslo. Deretter hospiterer dei på ein sjukeheim i Oslo før me leiger dei ut til andre arbeidsgjevarar.

Det fortel Mette Hessen frå Adecco Norge AS.

Ho legg til at dei polske sjukepleiarane er svært dyktige. 
   

Bildet: Leiar Odd Magne Agdestein i Sunnhordland Innkjøpsforum presenterer avtalen på oppstartsmøtet 4. juni.