Signering av avtale med Røde KorsI dag skreiv ordførar Liv Kari Eskeland under på avtale om beredskap saman med Anne Kvalheim og Lars Atle Skorpen frå Røde Kors.

Føremål

Avtalen har som føremål å bidra til at Røde kors sine lokale og regionale kapasitetar innan beredskapsarbeid, blant anna innan områda førebyggjing, avgrensing, handtering og gjenoppretting blir så gode, effektive og målretta som mogleg, og dermed bidra til den kommunale beredskapsevna.

150 år

Røde kors har 150 års jubileum i år. Dette markerer dei med ulike aktivitetar med fokus på dei humanitære behova i lokalmiljøa.

Blant aktivitetane er

  • Noregsturne med nesten 100 stopp.
  • Lansering av førstehjelpsdukka Henry.
  • Røde samtalebenker i heile landet.
  • Arrangement på stiftelsesdatoen 4. november.
  • Diverse aktivitetar blant dei 383 lokalforeiningane.

21. juni er det turnestopp på Stord. Les om jubilèet her.