Det seier SLT-koordinator Terje Eriksen. På årets aktivitetsdag torsdag 28. mai var 150 elevar samla på Vaskeriplanet på Litlabø.
– Det var flott ver, god stemning, kjekke aktivitetar og mykje flott ungdom.
Sagvåg, Litlabø og Tjødnalio
Aktvitetsdagen vert arrangert for elevane på sjuande steget ved Sagvåg, Litlabø og Tjødnalio skule samt elevane frå åttande steget ved Nysæter ungdomsskule. Målet er at elevane skal bli kjent med dei nye klassekameratane sine og få treffa dei som går på åttande steget på ungdomsskulen.
Dei treff og dei nye lærarane sine og administrasjon og andre vaksne som dei skal samarbeida med på ungdomsskulen dei tre neste åra. Gjennom ulike aktivitetar og kjekke opplevingar håpar ein å gjera overgangen til ungdomsskulen litt enklare for den einskilde elev.
Uteaktivitetar, frukost og pizza
I år sto følgjande aktivitetar på progranmet : Natursti, volleyball, tautrekking, fotball, hesteskokasting, boccia, kanopadling, riding og svampekasting. I tillegg var det frukost til alle på sjuande steget og pizzalunsj til alle på sjuande og åttande steget.
SLT og Utekontakten har arrangert desse dagane sidan 2004, og skulane gjev gode attendemeldingar på tiltaket.
– I samarbeid med skulane, barnevern, PPT, Støtteteam, Brannvesenet, grunneigarar og lokalt næringsliv har me laga eit konsept som ser ut til å gje positiv effekt i og mellom elevgruppene når dei møtest om hausten, seier Eriksen.
SLT-koordinatoren rettar ei stor takk til VOKT- arbeidarane for innsatsen – særleg til Morten Hillestad og Svein Albert Riise som gjer teneste på Nysæter og har hatt hovudansvar for planlegginga av aktivitetsdagen i år.