Det står og att 12,8 mill kr å dekke inn av restmeirforbruket/underskotet frå 2008. Me gjer oppmerksam på at desse tala er førebelse og at endeleg rekneskap vert lagt fram seinare.
Førebels hovudtal frå driftsrekneskapen syner slike tal per 15.02.2011:
alle tal i heile 1000 kr | Regnskap | Budsjett rev. | Budsjett opph. | Regnskap |
| 2010 | 2010 | 2010 | 2009 |
Sum Driftsinntekter | -978 542 | -947 479 | -876 819 | -890 514 |
Sum Driftsutgifter | 959 782 | 892 851 | 828 467 | 886 531 |
Driftsresultat etter avskrivingar | -18 760 | -54 628 | -48 352 | -3 983 |
Resultat ekst.finanstransaksjoner | 42 015 | 41 875 | 41 375 | 23 082 |
Netto driftsresultat | 13 178 | -12 752 | -6 977 | -3 322 |
Sum netto bruk av avsetninger | -2 910 | -2 443 | -763 | -13 715 |
Avsatt til dekning fra tidligere år | 12 139 | 1 859 | 14 839 | |
Resultat etter int. finanstransaksjoner | 13 734 | -11 | -3 135 | 0 |
I revidert budsjett var prognosen at 12,1 mill kr av akkumulert underskot skulle kunne dekkast inn i 2010. Resultatet vart 13,7 mill kr, som tilsvarer eit avvik på 25,9 mill kr. Det står dermed att 12,1 mill (av underskotet frå 2008) kr å dekke inn i 2011. I tillegg kjem underskotet frå 2010 på kr 13,7 mill som må dekkast inn innan 2012.
Dei viktigaste avvika i høve revidert budsjett og som førte til at kommunen ikkje nådde målet på 12,1 mill kr i overskot var at einingsdrifta gjekk med netto meirforbruk på 23,8 mill. Dei største avvika var komitevis:
- Formannskap: 2,2
- OOU: 1,6
- RHO: 14,7
- NMK: 5,3
Det har vore inntektssvikt innan RBO, flyktningetilskot og legeteneste. Me gjer oppmerksam på at desse tala er førebelse og at endeleg rekneskap vert lagt fram seinare.
3 mill av avviket skuldast høgare straumutgifter enn budsjettert.
Investeringar
Kommunen har investert for 46,2 mill kr i 2010. I tillegg kjem investering føreteke av dei kommunale føretaka på vel 20,1 mill i Stord kommunale eigedom KF og 41,1 mill i Stord vatn og Avlaup KF.
Dei største investeringsprosjekta i 2010 har vore:
- Nordbygdo ungdomsskule – uteanlegg
- Fleirbrukshall Nordbygdo
- Stord kommunale rehabiliteringssenter, utbetring av lekkasjer
- Nye stolar Kulturhuset, kinosal
- Utbetring Leirvik skule, gamledelen
- Avlaup Fjellgardane
- Høgdebasseng v/Vassverket
- Avlaupsledning Heiane Vest