Ordførar Harry Herstad opna festen med å hylla alle som no er blitt fagarbeidarar.
- Det å odle fram morgondagens arbeidskraft er veldig viktig. Når de no har teke denne utdanninga har de bestått ein veldig viktig milepæl i livet. De har satt ein standard og det er viktig å ta med seg vidare, sa ordføraren.
I mellom talane var det musikkinslag ved elevar i kulturskulen. Magnhild Halland, Pernille Hatlevik og Malene Grov Almås sang og spelte piano.
Rådmann Magnus Mjør holdt også tale, han presiserte kor viktig yrkesopplæring er for samfunnet.
- Me har vert ein demonstrajonsbedrift lenge og har omlag 40 lærlingar i året. Fagbrev gjev kvalitet i tenestene våre. I tillegg får me meir att enn me yter, fordi lærlingane stiller spørsmål og er kreative, sa han i talen sin.
Lærlingkoordinator Siv Nesse var toastmaster og avslutta festen med å takk for at dei valde Stord kommune som læreplass.
- Eg er veldig stolt og føler meg priviligert som har fått blitt kjend med så kjekk ungdom. Tusen takk for at de har vert lærlingar hos oss, sa Nesse.
Stord kommune har hatt lærlingar sidan 1995 og har utdanna 263 fagarbeidarar sidan den tid.
Bilete på topp: framme frå venstre: Tore Mosheim Larsen, Amalie Agasøster, Margrethe Torsnes, Silje Johansen, Hanne Presthaug, Inger Kristine Hatlevik.
Bak frå venstre: Helene Westerheim, Anders Montsko Austlid, Line Heggøy, Fredrik Vinsjevik Rogne, Rudi Rimmereide, Henrik Skjetne Lilleheie og David Vikanes.
På biletet er det 13 stk. Det kjem av at ein av lærlingane ikkje har alle formalitetar i orden og vil få tilsendt fagbrevet direkte frå Fagopplæringskontoret.