Ordførar Harry Herstad opna festen med å snakka om utdanning og læretida.
- Lærlingtida er unik, de kjem aldri til å gløyma denne tida. Me er eigentleg lærlingar heile livet fordi me blir aldri utlert. Eg ser på meg sjølv aldri som utlert men som ein lærling, no er eg lærling som ordførar. De er difor ikkje ferdig utdanna men er klar til å gjera endo meir kvalifisert arbeid, sa ordføraren.
I mellom talane var det musikkinslag ved elevar i kulturskulen. Synnøve Hagen Leseth (song), Hanna Mathea M. Simonsen (song) og Sander Hjellvik Askeland (gitar) sang og spelte gitar.
Rådmann Magnus Mjør holdt også tale, han presiserte kor viktig yrkesopplæring er for samfunnet.
- Gode fagarbeidarar, gratulera med dagen. Det er ein stor dag både for oss og dåke. Fagopplæringa er ein viktig del av yrkesutanninga. Det er ein viktig del av utdanninga, samfunnet og kommunen ikkje minst, for å få kvalifiserte medarbeidarar. Me har vert lærebedrift sidan 1996 og har omlag 40 lærlingar på det jamne. Me er avhengig av å ha læringar for å sikra rekruttering og tenestene framover. I tillegg får me meir att enn me yter, fordi lærlingane stiller spørsmål og er kreative, sa han i talen sin.
Lærlingkoordinator Siv Nesse var toastmaster og avslutta festen med å takk for at dei valde Stord kommune som læreplass.
- Eg er veldig stolt og føler meg priviligert som har fått blitt kjend med så kjekk ungdom. Tusen takk for at de har vert lærlingar hos oss, sa Nesse.
Stord kommune har hatt lærlingar sidan 1996 og har utdanna 274 fagarbeidarar sidan den tid.
Bilete på topp, frå venstre: Renate Tverderøy, Frank Vågenes, Ivana Eriksen Vørøs, Tina Maria G. Engelsen, Hanne Koltveit, Marlene Renate Johnsen, Maria Vaka, Siri Presthaug, Natalie Kristoffersen og Kristine Bakken Ottesen. Rebecca Alsaker, fagarbeidar i helsearbeidarfaget var ikkje til stades på utdelinga.
Bilete midt i artikkel: Sander Hjellvik Akeland, Synnøve Hagen Leseth og Hanna Maria M. Simonsen.
Bilete nedst i artikkel: Siri Presthaug får fagbrevet sitt i barne- og ungdomsarbeidarfaget av orførar Harry Herstad.