Det vil vera open og sikra ferdsel for mjuke trafikantar forbi anleggsområdet.
Trafikk frå Nysæterhaugen må køyra via Nysæterstølen.
Bussane kjem til å køyra via Utslettevegen i begge retningar mellom Leirvik og Vikanes. Haldeplassane ved gamle Sagvåg skule, Mosahaugen, Nysæterhaugen og Litlabø samfunnshus er ikkje i bruk medan vegen er stengd. For meir informasjon: Avvik i kollektivtrafikken (skyss.no)
VA-prosjektet går ut på etablering av ny vassleidning frå Vassenden i aust til Utslettevegen i vest. Les om va-prosjekt-nysaetervegen-og-utslettevegen her