Omtale av reguleringsendringa

Hovudføremål med reguleringsendringa er å endra avkøyrslar i nord aust i verftsområdet (Naustvågen/Nedre Hageby). Avkøyrsel til parkeringsplassen og verftsområdet vert flytta frå Verftsvegen til Kjøtteinsvegen, og dagens avkøyrsel frå Verftsvegen til museet på gnr/bnr 40/5 vert flytta 30 meter mot vest.

Dokument

Endringskart 

Vedtaket er å finna i kommunen sitt planregister, arealplaner.no, under fane Planbehandling.

Du har rett til å klage

Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland av den som er part eller har rettsleg klageinterresse, jf. §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova.

Klage må grunngjevast og sendast skriftleg til:

Stord kommune, Regulering, byggesak og oppmåling
Postboks 304
5402 STORD
evt. via eDialog eller på e-post til rbo@stord.kommune.no 

Klagefrist: 16. januar 2025