Omtale av planen

Hovudmålet med planen er å etablere nytt hamneområde med tømmerkai, tilhøyrande tilkomstveg og hamnelager nord for Stord lufthamn Sørstokken. Langs tilkomstvegen er det regulert areal for framtidig næringsutvikling. Det er opna for steinknusing og lagring av jord– og steinmassar innanfor alle næringsføremåla i samband med anleggsarbeid.

Planforslaget omfattar 297 daa, der om lag 117 dekar er regulert til næring og 8 dekar til kai. Den nye planen opphevar deler av reguleringsplan R205-000 Stord Lufthamn, Sørstokken frå 1999.

Reguleringsplanen som digital kart du sjå i Stordkartet.

Dokument

Vedtaket og plandokumenta er å finne i kommunen sitt planregister, Arealplaner.no  under fane Plandokument, fleire dokument ligg under fane Planbehandling - Plan endelig vedtatt 26.09.2024. 

Ved spørsmål kan ein ta kontakt med regulering, byggesak og oppmåling i Rådhuset, telefon 476 98 719.

Klagerett

Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland etter §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova av den som er part eller har rettslig klageinteresse.

Klage må grunngjevast og sendast til:

Stord kommune, Regulering, byggesak og oppmåling
Postboks 304
5402 STORD
eller på e-post til: post@stord.kommune.no

Klagefrist: 24.10. 2024

Eventuelle krav om erstatning eller straksinnløysing etter §§ 15-2 og 15-3 i plan- og bygningslova må for ubygd eigedom vera framsett innan 3 år. For utbygd eigedom gjeld same fristen etter at bygga er fjerna.