Dei tre verksemdene er
- Stord Dekkservice AS
- Malerfirma O. Kjelsnes
- Engevik Byggservice
Kjell Berger Nylund og John William Gundersen frå Stord Dekkservice AS, Hilde Heggøy Kjelsnes og Trond Kjelsnes frå Malerfirma O. Kjelsnes og Tore Jr. Engevik og Knut Arne Ihle frå Engevik Byggservice var tilstades i kommunestyremøtet og fekk utdelt blomebukett og diplom frå ordførar Sigbjørn Framnes.
Om sertifiseringa
Stiftinga Miljøfyrtårn står bak sertifiseringsordninga. Målet er at verksemdene skal driva lønsamt og miljøvenleg. Ordninga vert støtta og anbefalt av Miljøverndepartementet.
For å bli sertifiserte må verksemdene møta strenge krav til miljøstandard og rutinar innan tema som:
- arbeidsmiljø
- innkjøp
- energi
- transport
- avfall
- utslepp
- estetikk
Les meir om miljøfyrtårn og sertifisering på Stiftelsen Miljøfyrtårn (miljofyrtarn.no)