Mål og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er born og unge i alderen fra 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.

Dei som kan søkja er offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar. 

Søknadsfristen er 1. november 2024

Slik søkjer du:

  1. Sett deg inn i regelverket og informasjonen på nettsida til ordninga
  2. Logg inn, fyll ut og send inn søknad i Bufdirs søknadsportal for tilskudd.
    1. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal nytta søknadsskjema
    2. Søknaden skal knytast til ein deltakande kommune (sjå nettsida til tilskotsordninga for unntak i frå denne regelen). Det skal søkjast om tilskot til ulike aktivitetstypar

Slik blir søknadane handsama:

Søknadar som er sende inn av andre aktørar enn kommunen sjølv skal rangerast av kommunen. Kommunen skal forankra rangeringa av søknadane på vedtakande politisk eller administrativt nivå. Etter at kommunen er ferdig med rangeringa set Bufdir i gong med den endelege sakshandsaminga av søknadane. Det vil vera informasjon på Bufdir sine nettsider om forventa sakshandsamingstid.

Kontaktperson i Stord kommune: Anne Lene Østvold Jordåen, kultursjef, anne.jordaen@stord.kommune.no