TellTur er som kjent friluftsrådet sitt program for turregistrering, der turgåarane samlar poeng frå turane de gjennomfører og registrerer frå slutten av mars til 1. november.
Alle 13 medlemskommunane i Friluftsrådet Vest er med i TellTur-systemet, og i 2024 var det totalt 153 turmål av variert vanskegrad å velga blant i vår TellTur-region. Heilt sidan starten i 2014 har det vert ei jamn auke i deltakinga, og i 2021 var det heile 5 529 aktive brukarar, som førebels er rekorden. Dei siste åra har det vert ein liten tilbakegang i tal brukarar, og denne trenden har dessverre fortsatt, også i 2024. I fjor var det 3 555 aktive brukarar, mens talet i år stoppa på 3 105, noko som gav ein nedgang på 12 %.
Grunnen til tilbakegangen kan vera mange. 2021 var nok eit spesielt år, då alle skulle ut på tur under koronaepidemien, mens 2022-2024 har ver litt tilbake til normalen. Dette er noko ein også ser hos andre friluftsråd og TellTur i andre regionar. Til saman gjekk turgåarane 65 349 turer i 2024-sesongen, noko som gir eit gjennomsnitt på 21 turar pr. deltakar. Dette talet held seg stabilt, og det er veldig positivt.
I 2024 var det 67 personar som gikk tur til minst 100 forskjellige turmål og 257 personar som tok turar til minst 50 unike turmål. Blant dei yngste deltakarane var det 30 turgåarar under 13 år som gjekk minst 25 forskjellige turar. Dette er tal som bekreftar at dei ivrigaste turgåarane held aktiviteten oppe, mens eindel av dei med få registrerte turar har forsvunne sidan 2021.
Turar gått i andre regionar tel også med for turgåarane, og det var turgåarar med kallenamna Ingasdm og Goturen som gjekk flest turar til unike turmål, begge med 241 turmål totalt. Turgåarane får også poeng etter vanskegrad og kvar gong dei besøker eit turmål. Nok ein gong var det brukaren kjvi, som med sine 5 760 poeng, vant denne konkurransen. TellTur har også ein bedriftsdel, og det var Karmsund ABR som var best i denne konkurransen, der dei oppnådde 832 poeng i snitt pr. deltakar. Karmøy kommune hadde flest deltakarar på tur, med 117 aktive TellTur-brukarar.
Som tidligare år vert det naturleg nok gått flest turar i dei mest folkerike kommunane i regionen. I Haugesund vart det gått heile 19 273 turar i år, fulgt av Tysvær med 11 880 og Karmøy med 11 223 registreringar.
Dei mest brukte turane i regionen er såkalte kvardagsturar, forholdsvis lette turar i nærleiken av der folk bur. Bongsatjørna ved Aksdal i Tysvær hadde heile 4 298 innsjekkingar, og O-hytta i Djupadalen i Haugesund hadde 2 677 innsjekk. Av dei litt meir krevjande turmåla, nemner friluftsrådet at turen til Siggjo også i år toppar lista i Bømlo kommune med 681 registreringar.
Alle kommunane i regionen har no fått dagsturhytter, og det har vert viktig for friluftsrådet at dagsturhyttene vert TellTur-mål. Den mest besøkte dagsturhytta i 2024 ble Tuabua i Karmøy kommune, med 1 962 TellTur-innsjekk (bildetet over).
I desse dagar vert resultatlister gjennomgått og dei forbereier premiering av dei ivrige turgåarane. Friluftsrådet gir f.eks. ein liten premie til alle som har gått minst 100 og minst 50 unike turar og til barn under 13 år som har gått minst 25 turar.
Sjå elles resultat på www.telltur.no