Stord kommune søkjer no etter vaksne arbeidssøkande menn som vil få tilbod om ein unik moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom Menn i helse.
Motivasjon er viktigare enn alder, du kan vere alt frå tidleg i 20-åra til godt over 50. Under utdanninga vekslar du mellom ytingar frå Nav og lønn frå kommunen.
Påmelding til informasjonsmøte
Ta sjansen på å bli med på eit uforpliktande informasjonsmøte der det vert gitt informasjon om utdanninga, økonomi og jobbmoglegheitene. Helserekruttar frå tidlegare kull er også til stades og deler sine erfaringar og anbefalingar.
- 28. januar kl. 1200-1400 Nav Stord Bandadalsplassen 5, 5417 Stord
- Meld deg på her: Haugaland og Sunnhordland - Menn i helse
Her vil det bli orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitane. Nokre veker etter møtet vil det bli gjennomført intervju. Etter intervjuet vil eigna og motiverte kandidatar få tilbod om ein 12 vekers rettleidd praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller liknande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.
Er du vår neste mann? Grip moglegheita!
Kjenner du nokon som fortener moglegheita? Tips dei om Menn i helse!
Har du spørsmål om Menn i helse?
Ta kontakt med fylkeskoordinator Øystein Johannessen
Telefon: 908 34 919
E-post: Oystein@mennihelse.no