Kommunedirektøren legg fram framlegg til budsjett og økonomiplan i kommunestyret 31.10.24. Du kan sjå det direkte 31.10 kl 12.00 eller i opptak på KommuneTV

Opne høyringar i utvala

Stord kommune ønskjer å få innspel, synspunkt og idear i budsjettprosessen, og inviterer med dette lag/organisasjonar til høyringar som følgjer:

  • 12. november kl. 17.00 - Utval for oppvekst og kultur
  • 13. november kl. 17.00 - Utval for rehabilitering, helse og omsorg
  • 14. november kl. 17.00 - Utval for byutvikling

Kommunestyret skal vedta budsjettet 28. november. Møta er opne for alle og finn stad i rådhuset.

Påmelding og innsending av innspel

Frist for påmelding til å halde innspel er måndag 11. november.

Bruk skjema under for påmelding og innsending av innspel til budsjetthøyring, eller ring oss på telefon 53 49 66 00.

Påmelding og innsending av innspel til budsjetthøyring 

Dersom du berre skal vera tilhøyrar treng du ikkje melde deg på.