Pressemelding 15.07.24
"Som ordførar har eg no valgt å anmelda den eller dei som står bak Instagramkontoen «Borgarmesterframnes». Eg har vore kjent med at kontoen har eksistert sidan eg blei valgt som ordfører. Føremålet er eg ikkje kjent med, men budskapet blir formidla på humoristisk/satirisk vis. Her blir det brukt både bilder og tekst, og no sist er det produsert og distribuert kondomar med bilde av ordførar og varaordførar. Ingenting av det som er brukt er avklara med dei det gjeld på førehand. Som offentlege personar skal me tåle mykje, men det går ei grense. Som ordførar har eg ikkje berre mi eiga tålegrense å ta hensyn til – eg har også eit særleg ansvar overfor mine politikar-kollegaer.
I den seinare tid har det utvikla seg meir i retning av trakassering. Eg har vore i kontakt med politiet og nettpatruljen til Politiet for å rådføre meg. Her vart eg informert om kva som er innanfor og kva som kan vere straffbart i slike saker. Basert på gjennomgang av Instagramkontoen, kom dei fram til at det er tale om fleire forhold som kan vere straffbart etter straffelova. Med bakgrunn i dette har eg no meldt forholdet til Politiet."
Pressemelding om henlegging av saka, 18.07.24
"Eg har tidleg i dag fått melding frå politiet om at dei henlegg saka som eg anmeldte tidligare i veka. Begrunnelsen er manglande kapasitet.
På generelt grunnlag kan eg sei at eg er skuffa over at saka ikkje blir etterforska. Her føreligg det bevis som gjer grunnlag for vurderingar opp mot minst 3 lovbrudd. Samtidig forstår eg at denne saka, i ein prioriteringssituasjon, ikkje kan ‘konkurrera’ med andre meir alvorlege lovbrudd.
I ein situasjon der me på Stord har opplevd ueinigheit på riktig og gal side av ‘streken’, har det vore viktig for meg å følje opp ein sak som klart opererer på gal side av ‘streken’. Som øvste leiar for kommunen sitt folkevalde organ har eg eit særleg ansvar for å ivareta arbeidsforholda til dei folkevalde.
Eg ønsker jo også at flest mogeleg skal engasjere seg politisk og gå inn i ansvarsfulle verv. Å bli utsatt for hets, mobbing og anna negativ merksemd er ikkje noko ein skal rekna med. I såfall må ein også tenka på dei næraste ein har rundt seg, og då blir valget ofte enkelt – ikkje engasjer deg, ikkje ta ansvar.
Det er mange meiningar om denne saka er noko å bry seg med. Eg meiner at med såpass mange ulovlege overtramp ville det vore mest feil å ikkje reagera. Gjer ein det så kan ein bidra til å flytte grenser, og kva då med neste sak?
Til slutt vil eg sei at det er trist at ein ikkje prioritere nettmobbing og truslar generelt og særleg mot politikarar. Ut over dei menneskelege belastningane som dette medfører vil eg sei at det er eit demokratisk problem. Mange blir skremt bort frå den offentlege debatten og fleire vil vegra seg for å gå inn i viktige politiske verv."