Influensa, korona- og pneumokokkvaksine kan setjast samstundes. Mellom ulike vaksinar som ikkje vert sett same dag, må det gå minst ei veke. 

Følgjande risikogrupper får tilbod om influensa- og koronavaksine

  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko, etter legevurdering
  • Svært alvorleg fedme, dvs. KMI over 40 ( KMI = kg/m2)
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • Barn og vaksne med kroniske underliggande sjukdomar eller alvorleg grunnsjukdom

Pneumokokkvaksine er tilrådd for

  • Personar i aldersgruppa 65 år og eldre
  • Personar med ulike underliggande sjukdommar

Sjå Folkehelseinstituttet - FHI for meir detaljert informasjon om kven som inngår i risikogruppene.

Stader for vaksinasjon

«Nyehallen» på Vikahaugane 24. og 25. oktober.

Stord Rehabiliteringssenter, kantinen i 2. høgda, 25. oktober. For eldre som er født i 1939 eller før.  

Nordbygdahallen i Prestegardsskogen 31. oktober og 1. november.

Det vert oppsamlingsdagar ved Stord Rehabiliteringssenter 6. og 14. november.  

Tidspunkt

For å unngå at for mange kjem samstundes, vert det frammøtetid etter kva månad ein er fødd i. Tidene gjeld for vaksinering på Vikahaugane veke 43 og i Nordbygdahallen veke 44. 

Me ber om at alle følgjer dei oppsette tidene!

FødselsmånadAlternative tidspunkt for frammøte
 Torsdag 24. oktober og torsdag 31. oktober

Fredag 25. oktober og

fredag 1. november

Januar og februarkl. 09.00 eller 15.00kl. 08.30
Mars og aprilkl. 10.00 eller 16.00kl. 09.30
Mai og junikl. 11.00 eller 17.00kl. 10.30
Juli og augustkl. 12.00 eller 18.00kl. 11.30
September og oktoberkl. 13.00 eller 19.00kl. 12.30
November og desemberkl. 14.00 eller 20.00kl. 13.30

Tidspunkt for vaksinering ved Stord rehabiliteringssenter 25. oktober (eldre over 85 år)

FødselsmånadTidspunkt for frammøte
Januar og februarkl. 09.00
Mars og aprilkl. 10.00
Mai og junikl. 11.00
Juli og augustkl. 12.30
September og oktoberkl. 13.30
November og desemberkl. 14.30

Oppsamlingsdagar ved Stord rehabiliteringssenter 6. og 14. november

Drop-in kl. 09.00-14.00.  

Born og unge i førskulealder/grunnskule, kontaktar helsestasjon/skulehelseteneste for vaksineavtale.

Pris

Influensavaksine kr. 200,-  

Pneumokokkvaksine kr. 500,-  

Koronavaksine gratis

Me tek berre i mot betaling med kort

Nærare informasjon får de ved å kontakte Vaksinetelefonen, 481 44 387 (kvardagar 09.00-15.00).

På vaksinedagane kan me ikkje svare på telefonen. Send sms evt.

 

Sjå elles informasjon på heimesida til Folkehelseinstituttet - FHI