Arbeidet skal føregå langs, og delvis i fortau/gang- og sykkelveg på strekninga frå busstopp ved Heiane sag til Valvatne vassmålestasjon. Gang- og sykkelvegen vil vere open for mjuke trafikantar frå busstoppet ved Heiane sag og bort til gangbrua som går over E39. Strekninga kan bli stengt i kortare periodar ved sprengningsarbeid.

Frå gangbrua som går over E39 og mot Sagvågsvegen blir det arbeid langs gang- og sykkelvegen ned til busstopp tvers for Meatjørna. Gang- og sykkelvegen blir stengt for vidare ferdsel mot Valvatna, og mjuke trafikantar må følgje skilting på staden. I anleggsperioden må ein nytta gang- og sykkelvegen på sørsida av Meatjørna.
gpFqnThaVLrijnLegX 3iHMZMmSQNuf 309L 12eowdoYO 0SiPQPWwE 5D H b 2zcR 1wDc 9AAAAAElFTkSuQmCC


Planlagt oppstart 06.01.2025, med ferdigstilling i slutten av 2025.

Stord kommune oppmodar publikum til å visa aktsemd under anleggsarbeidet.