Bli glad i å lesa med Dysleksi Norge

Laurdag 18. januar, kl. 12:00

Vi vil gjerne invitere DEG som er mellom 6 og 10 år til ein spennande ettermiddag!

Ta med deg ein av foreldra dine, og få leseglede! Læraren din kan kanskje også vera med.

Kjersti frå Dysleksi Norge vil visa fine bøker som passa for deg som synes lesing er litt trått. Ho skal også snakka litt om lesetips og lesestrategiar og appar.

Vi skal lesa og formidla fleire ulike bøker, og vi har eit gratislotteri med bøker som premie. Du vil også få utdelt ei lita overrasking.

Reserver gratisbillett her: Bli glad i å lesa med Dysleksi Norge | Stord kulturhus

Bok & bolle

Velkomen til høgtlesing av ei bildebok for barn! Barna får bolle i det lesinga startar. Høver for barn mellom 3-6 år.

Bollar og billettar til barna må reserverast på stord.kulturhus.no/kulturprogram/ i god tid før arrangementsstart.

Vaksne i følge treng ikkje billett til arrangementet.

Me oppmodar om at du har tinga billett, møter i god tid og seinast 10 min før arrangementstart. Gi oss ei melding om du ikkje kjem til å bruka billettane til bibliotek@stord.kommune.no eller tlf. 482 13 206.

Datoar for våren 2025 kjem.

Lesestund

Kom og høyr spennande, rare og morosame forteljingar på biblioteket! Passar best for barn mellom 4-6 år.

Kl. 12:00-12:30

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Påmelding for grupper på mail til bibliotek[at]stord.kommune.no.

Datoar for våren 2025 kjem.

Lesedigg-klubben

Likar du å lesa? Og går du i 4. - 6. trinn? No kan du bli med i Lesedigg-klubben på biblioteket. Håpar du kjem og ta gjerne med ein venn!

Kl. 13:30-15:00

Ope for alle!

Påmelding til første samling på e-post til bibliotek[at]stord.kommune.no.

Lesedigg-klubben er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Falturiltu, framtidajunior.no, lesedigg.no og Stord bibliotek. 

Datoar for våren 2025 kjem.