Norma Vågstøl, klinisk spesialist i familieterapi og seniorrådgiver ved RKBU Vest, snakka om at tryggleikssirkelen i barnehagen er å forstå barnet innanfrå i eit tilknytningsperspektiv.
Anita Skogstrand, barnehagelærar/spesialpedagog og seniorrådgiver ved RKBU Vest, fortalte om barn sine relasjonar i barnehagen: Barn-barn, vaksen-barn og vaksen-vaksen relasjonane.
Del av prosjekt
Fagdagen er ein vidareføring av COS prosjektet som til no har handla om implementering av foreldrekurs til alle med barn mellom 10 mnd. og 10 år i Stord kommune. Alle dei kommunale barnehagestyrarane har gjennomført COS (tryggleikssirkelen) kursholdersertifisering, og no var det alle dei tilsette sin tur til å bli kjent med Tryggleiksirkelen, og sirkelen sine kjerneprinsipp; tryggleik, tilknyting og relasjon. Dette er kjerneverdiar barnehagane vil byggja sin pedagogikk på. Visjonen er at alle barn og føresette i Stord kommune skal bli møtt med denne relasjonelle tilnærminga.
Barnehagane brukte sine 2 planleggingsdagar om dette temaet. Dag 1 var fagdagen der alle var samla i kulturhuset, og på dag 2 var det gruppearbeid i den enkelte barnehage.
COS betyr Circle of Security, eller Tryggeikssirkel på norsk. Les meir om Trygglikssirkelen og foreldrerettleiingskurs her