Treng du hjelp til data?
No kan du tinga time til personleg rettleiing slik at du kan nytte deg av kommunen og andre offentlege tenester sine nettstadar.
Ta kontakt med biblioteket for å tinga time.
Litterært pusterom
Velkommen til ein inspirerande og sosial lesesirkel! Her får du høyre ei novelle og eit dikt. Undervegs snakkar vi om tekstane.
Kl. 11:00-12:30
Du treng ikkje å førebu deg og kva vi les er ei overrasking. Du kan berre lytte om du føretrekk det. Denne forma for samlesing/lesesirkel blir kalla «Shared reading» og er godt etablert i England.
Litterært pusterom føregår i hovudbiblioteket rett framfor scena. Her sett vi fram gode stolar og dekk på med fint service og duk. Enkel servering i form av kaffi/te, kjeks og litt frukt. Og det er gratis å delta!
Datoar for våren 2025 kjem.
Språkkafé
Velkomen til uformelle samtalegrupper på Stord bibliotek!
Kl. 12:30-13:30
Det vert servert kaffi/te/kjeks. Alle som ønskjer norsk språktrening er velkomne!
Helsing Internasjonal Kulturklubb Stord og Stord bibliotek.
Datoar for våren 2025 kjem.