Bibliofil-app (logo)
Bibliofil-appen

Bibliofil

Med appen Bibliofil får du blant anna oversikt over dine lån/reserveringar, tilgang til digitale tenester som Flipp og Pressreader, digitalt lånekort og oversikt over familiens lån med Familiemappa. I tillegg kan du søke i samlinga til biblioteket, sjå/redigere kontaktinformasjonen din, betale uteståande gebyr, fornye lån og reservere bøker.

Last ned Bibliofil fra App Store

Last ned Bibliofil fra Google Play

Mobil med appen Bookbites open
Bookbites på mobil

Bookbites

Les ei e-bok eller høyr ei digital lydbok med BookBites! Gå til nettstaden eller last ned appen, og registrer deg som brukar.

Første gang du loggar inn må du legge inn lånekortnummeret ditt og ei PIN-kode som du har fått med biblioteket. Brukar du appen Bibliofil med PIN-kode eller har tilgang til ubetjent bibliotek, så brukar du samme PIN-kode. Treng du PIN-kode og/eller lånekortnummer kan du ta kontakt på e-post: bibliotek@stord.kommune.no

Så enkelt er det:

  1. Søk på forfattar/boktittel/tema
  2. Lån ei bok/lydbok
  3. Les!/Høyr!

Treng du hjelp kan du kontakte biblioteket på telefon eller e-post, eller kome ein tur innom biblioteket!

Last ned BookBites frå Google Play

Last ned BookBites frå App Store

BookBites - nettstad 

Video: Korleis opprette brukar i BookBites

Dikt

Diktbasen ved Kongsberg bibliotek er gratis. Til diktregisteret

Basen inneheld ikkje dikt i fulltekst, men er meint som eit hjelpemiddel for å gjenfinne og lokalisere dikt.

logo til filmbib

Filmbib

Lån kort- og dokumentarfilmar digitalt frå biblioteket!

Strøymetenesta Filmbib lar deg låna norske kort- og dokumentarfilmar frå biblioteka i Noreg. Logg inn med Nasjonalt Lånekort og PIN-kode utstedt av biblioteket.

Manglar du Nasjonalt lånekort, PIN-kode eller har problemer med innloggingen? Kontakt bibliotek@stord.kommune.no

Filmbib si heimeside

Filmoteket

Filmoteket

Med Filmoteket kan du strøyme filmar og seriar på nett. For å bruke tenesten må du ha eit nasjonalt lånekort. Har du ikkje nasjonalt lånekort? Ta kontakt med biblioteket så kan vi hjelpe deg!

  • På Filmoteket kan du strøyme spelefilmar, dokumentarar, kortfilmar og seriar.
  • Det du lånar er tilgjengeleg for deg i 48 timar.
  • Du har opptil 3 lån per månad.

Registrere ny brukar

For å registrere ny brukar går du inn på www.filmoteket.no/Register. Fyll inn lånekortnummer og PIN-kode. Når du registrerer deg vil du få tilsendt ein e-post frå Filmoteket for å bekrefte kontoen din.

Brukarnamnet ditt er lånekortnummeret ditt, eller e-post dersom du har knytt den opp mot lånekortet ditt.

Passord er ei 4-sifra PIN-kode eller eit passord du har laga sjølv som er knytt til lånekortet ditt. Har du ikkje PIN-kode? Ta kontakt med biblioteket så ordnar vi det. 

Du kan gå inn på Filmoteket si nettside for meir infomasjon: www.filmoteket.no/info  

Du kan logge inn på Filmoteket her: Logg inn - Filmoteket

Filmoteket

Bilete av mange børker som du kan lasta ned via app

Flipp

Med Flipp får du tilgang til over 90 av Noregs bestseljande magasin, vekeblad og teikneseriar! Når du loggar deg inn har du tilgang i 7 dagar. Etter 7 dagar må du anten logge inn på nytt på biblioteket igjen for å fornya tilgangen, eller du kan fornya tilgangen heimanfrå. Meir informasjon om tilgang heimanfrå finner du under «Tilgang heimanfrå» under.

Tilgang gjennom nettverket på biblioteket på eigen PC/mobil/nettbrett

  • Logg deg på nettverket til biblioteket – SK-Gjest.
  • Last ned Flipp-appen eller gå til blader.flipp.no i ein nettlesar.
  • Skriv inn ditt telefonnummer i feltet merka telefonnummer og skriv inn eit valfritt passord i feltet under. Merk at passordet du vel første gangen du logga inn blir det passordet du brukar i framtida.

Tilgang gjennom biblioteket sine publikums-PC og nettbrett

  • Gå til blader.flipp.no på publikums-PC eller opne Flipp-appen på nettbrett.
  • Første gangen du loggar deg inn skriv du inn ditt telefonnummer i feltet for telefonnummer og eit valfritt passord i feltet under. Merk at passordet du vel første gangen du logga inn blir det passordet du brukar i framtida.

Har du allereie ein brukar? Logg inn med telefonnummer og passord.

Tilgang heimanfrå

  • Opne Bibliofil-appen. I menyen går du til "Digitale tenester". Her skal Flipp ligga i undermenyen som kjem opp.
  • Logg inn med telefonnummer og valfritt passord.

Last ned Flipp frå App Store

Last ned Flipp frå google Play

Lån frå andre bibliotek

Når du ikkje finn boka i samlinga vår, kan du ofte finna den ved eit anna bibliotek i Noreg gjenom Biblioteksøk.

Gå inn på bibsok.no eller logg deg inn her www.bibsok.no/?mode=login  ved å bruka lånekortnummeret og PIN-koden din. Skriv namnet på boka du ønskjer i søkefeltet, og ting boka. Den kjem automatisk til Stord folkebibliotek om du er lånar hos oss. Du kan velja anna hentebibliotek om det er ønskjeleg. Når boka kjem får du melding via SMS eller e-post.

Nasjonalt biblioteksøk (bibsok.no)

illustrasjon lesedigg - barn med hodetelefonar, eit par som held rundt einannan, båt i sjø og slott som brenn

Lesedigg

Lesedigg.no kan born søka og finna bøker dei vil lesa sjølve! Ved hjelp av Oppdag-funksjonen kan born søke etter bøker ved å velje om bøkene skal vere korte eller lange, ha mykje eller lite bileter, og velje tema.

I tillegg til dette blir det lagt ut bokmeldingar, bokomtalar, intervju med forfattarar og forslag til aktivitetar.

Dei fleste bøkene på Lesedigg.no er på nynorsk. Mange av bøkene er henta frå nynorskbok.no og Framtida junior.

Lesedigg.no er utvikla av Nynorsk kultursentrum, Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa), seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune og Landssamanslutninga av nynorskkommunar ved Framtida junior. Nasjonalbiblioteket har gitt utviklingsstøtte.

Lesedigg Heim - Framtidajunior.no

Nasjonalbibliotekets nettbiblioteket

Nasjonalbibliotekets nettbibliotek gir deg digital tilgang til mange bøker, aviser, tidskrift m.m. Snart vil du få digital tilgang til alle bøker som er utgitt i Noreg til og med 2005 i Nettbiblioteket på nb.no.

Den nye Bokhylla-avtalen, som er inngått mellom Nasjonalbiblioteket og Kopinor, omfatter 400 000 rettighetsbelagte norske bøker. Dette er 175 000 fleire enn i dag.

Søk i Nettbiblioteket her | Bøker | Aviser | Bilder | Tidsskrift | (nb.no)

 

Princh
Skriv ut med Princh

Princh

No kan du skriva ut i biblioteket heimefrå! Stord folkebibliotek tilbyr utskriftstenesten Princh. Gå til print.princh.com eller last ned appen frå App Store eller Google Play.

Koden til skrivaren på hovudbiblioteket: 104336

Hugs at om du nyttar tenesten heimefrå, må du ringa til biblioteket og seia at du har skrive ut, elles blir utskrifta di liggjande på skrivaren.

Du kan og skriva ut med Princh frå biblioteket sine PC'ar i hovudbiblioteket:

  1. Last ned dokument ditt på PCen
  2. Gå til print.princh.com 
  3. Tast inn koden til skrivaren vår: 104336
  4. Last opp dokument ditt i Princh
  5. Velg utskriftformat A4 eller A3, trykk på annet om du ønskjer to-sidig utskrift
  6. Betal med kort, Vipps eller kontant
  7. Hent utskrifta di ved skrivaren

Sjå korleis Princh fungerar

Last ned frå Google Play

Last ned frå App Store

Princh Web app

bilete av skjerm og innhald på ei nettside

Rettleiing i bruk av digitale tenester

Du kan tinga time til personleg rettleiing slik. Me kan blant anna hjelpa deg med:

  • Opprette din eigen e-post
  • Bruk av Noreg.no som er ein oversikt over alle offentlege tenester
  • Finne fram på kommunen si heimeside
  • Hjelp til søknad om kommunale tenester
  • Korleis du brukar biblioteket digitalt
  • Bruk av helsenorge.no

Me har PC du kan låne, men du kan og ta med din eigen pc, nettbrett eller mobil. Hugs naudsynt påloggingsinformasjon som BankID eller MinID.

Bestill time

Rettleiingstimane er på måndagar, tysdagar og torsdagar mellom klokka 12:00 og 14:00.

Timen varer ca. 45 minutt.

Ring eller send sms til 482 13 206 eller send e-post til bibliotek@stord.kommune.no

Sommarles

Bli med på sommaren sin kulaste lesekampanje! Sommarles er ein digital lesekampanje for 1.-7. klasse som varer frå 1. juni til 31. august. På sommarles.no kan du registrere bøkene du les, samle poeng, få kule premiar og lesetips, lese den eksklusive Sommarles-forteljinga, løyse oppgåver og følge med på kva vennene dine les!

Til føresette

Sommarles er for alle! På Sommarles.no kan ein registrere både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker).

For kvar bok som blir registrert, får deltakarane XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytte til Sommarlesforteljinga for året.

For å bli med på Sommarles.no går de inn på nettsida som opnar 1. juni, og lagar ein profil til barnet. Om de treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket dykkar. Så er det berre å lese i veg!

Vi håper at de vil hjelpe barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren!

Ta gjerne turen innom biblioteket dykkar for å få vite meir. God sommar med Sommarles.no!

Vil du vite meir om Sommarles? Sjå Alt om Sommerles – Alt om Sommerles

Sommerles.no

Електронні книги – безкоштовно!

Електронні книги – безкоштовно!

Друзі, до 30 квітня ви можете завантажити частину електронних книг Старого Лева для діток і дорослих безкоштовно.
 

Щоб отримати електронну книгу вам потрібно:

1) Зареєструватися та/або залогінитися у Спільноті Старого Лева.

2) Серед запропонованих книжок в електронному форматі обрати ті видання, які вподобали, та додати їх в кошик (натиснувши кнопку «Купити електронну книжку») і завершити оформлення замовлення. Вартість книг у переліку вище – 0 грн.

3) Одразу після завершення оформлення замовлення книжка стане доступною для завантаження в особистому кабінеті у форматах epub, fb2, pdf та mobi.

Електронні книги – безкоштовно! | ВСЛ (starylev.com.ua)