Skjenkeløyvet kan ikkje bli gitt åleine, det må òg liggje føre eit serveringsløyve. Løyvesøkjaren, styrar, reservestyrar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel.
For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med reservestyrar som er knytt til serveringsstaden. Styrar og reservestyrar må begge ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova. Begge må vere over 20 år og ha eit reelt ansvar for skjenkinga og eit formelt tilsettingsforhold.
Spørsmål og svar i høve kunnskapsprøva i alkohollova.
Styrar/reservestyrar skal ha ei overordna stilling i forhold til øvrige tilsette i verksemda. tilsette som skjenke alkohol skal dokumentera at dei har teke Helsedirektoratet sitt kurs i ansvarleg vertskap. Løyvehavar skal oppfylle dei krava som er sette i alkohollova (og serveringslova).