Kva er Den kulturelle spaserstokken?
Stord kommune ønskjer at kulturopplevingar skal vera ein del av kvardagen til eldre og personar med bistandsbehov. Gjennom arrangement i Den kulturelle spaserstokken kan denne gruppa få oppleva kunst og kultur på eit høgt profesjonelt nivå fleire gonger i året.
Kven er målgruppa til Spaserstokken?
Tiltaka i Stord kommune rettar seg særskilt mot dei som har vanskar med å sjølve oppsøka kulturelle tilbod, som bebuarar på dei offentlege omsorgsinstitusjonane.
Korleis er Spaserstokken organisert?
Realisering og utvikling av den kulturelle spaserstokken skjer i eit nært samarbeid mellom omsorgssektoren og Eining for kultur. Ein representant frå Eining for kultur er ansvarleg for å koordinera og samarbeider med omsorgstenestene om programinnhaldet. Arrangementa er finansiert av fylkeskommunal tilskotsordning og kommunal finansiering.
Kva skjer denne våren?
Utøvar | Dato | Tid | Stad |
Trubadur Jimmy Næs – «Vestlandsvis» | Torsdag 18. januar | Kl. 11.00 | Stord sjukeheim |
Kl. 16.00 | Knutsaåsen | ||
Jarle Kristoffersen og Irene Simonsen: «Blanda drops»
| Onsdag 24. januar | Kl. 12.00 | Stord sjukeheim |
Fredag 2. februar | Kl. 11.00 | Knutsaåsen | |
Onsdag 7. februar | Kl. 12.00 | Blåbygget | |
Kl. 13.00 | Buneset | ||
Atle Hansen syng og fortel
| Onsdag 28. februar | Kl. 10.50 | Blåbygget |
Torsdag 29. februar | Kl. 11.00 | Knutsaåsen | |
Kl. 12.00 | Stord sjukeheim | ||
Onsdag 13. mars | Kl. 12.00 | Buneset | |
Vårkonsert ved elevar på musikklinja, Stord VGS | Måndag 11. mars | Kl. 11.30 | Foajeen Kulturhuset |
Johanne Øvstebø Tvedten og musikar: Historieforteljing og musikk | Onsdag 10. april | Kl. 10.50 | Blåbygget |
Kl. 12.00 | Buneset | ||
Torsdag 11. april | Kl. 11.00 | Knutsaåsen | |
Kl. 12.00 | Stord sjukeheim | ||
Charlotte Tvedte v/Sunnhordland museum: «Bli med meg opp på loftet!» - erindringsdialog | Onsdag 22. mai | Kl. 11.00 | Blåbygget
|
Kl. 12.15 | Buneset | ||
Konsert med Brith og Terje frå Triade | Onsdag 5. juni | Kl. 11.00 | Stord sjukeheim |
Kl. 16.00 | Knutsaåsen |
Me gjer merksame på at det kan skje endringar i tidspunkt og program.
Ønskjer du å vera utøvar i Spaserstokken?
Profesjonelle utøvarar kan levera kunstnarlege tilbod til Den kulturelle spaserstokken i Stord kommune via skjema under. Tilboda vil bli vurderte fortløpande.
Skjema for tilbod til Den kulturelle spaserstokken i Stord kommune.