Dagane på Veslefrikk er prega av leik, tilrettelagte aktivitetar og kvardagsrutinar som måltid, stell, kviletid og leik. Me har stort areal inne, og dette gir god boltreplass for barna. Me likar oss ute i det fine avskjerma uteområdet vårt som me benyttar oss av kvar dag.
Me har små samlingar der sang og musikk får stor plass. Desse samlingane skjer inne på avdelinga, eller ute på tur.
Me har eit flott turområde like ved barnehagen, som me kallar for "Haugen". Her får me følelsen av å vera midt inne i skogen og høgt oppe på fjellet. På turane er me opptatt av å gi barna tid og frihet til å utforska naturen og si eiga kroppslige mestring i ulent tereng. Uteplassen kan skjermast for dei små slik at dei kan utfalde seg.
På denne avdelinga jobbar:
- Karianne Strand- pedagogisk leiar 90% stilling
- Irene N. Vinje pedagog 20% stilling
- Oddbjørg Sørensen - fagarbeidar 90 % stilling
- Eirik Mellesdal- lærling 100% stilling