Har du eller verksemda di behov for å motta varsling for ei adresse i tillegg til oppføringa di i offentlege registeret?
På varslemeg.no kan du enkelt sjekka dine oppføringar i Tilleggsregisteret vårt, og legga til nye oppføringar.
For verksemder
For verksemder vert kontaktinformasjon frå enhetsregisteret henta. Ved å registrera verksemda via Varslemeg.no kan verksemda registrerast som ein sårbar abonnent. Då gjer du slik:
- Gå til Varslemeg.no og klikk på «Ny/endre oppføring»
- Oppgje telefonnummer for å motta PIN-kode for innlogging. OBS: Dette telefonnummeret blir automatisk oppført som oppføring for verksemda og varslingar som vert sendt via SMS vil gå direkte til dette nummeret. Deretter får du ein oversikt over eksisterande oppføringar knytt til oppgitt telefonnummer.
- For å legge til ny oppføring for verksemda di, klikk «Legg til ny oppføring». Om du ønskjer å endra eksisterande oppføring klikkar du på denne i staden for.
- Velg «Bedrift» for å starta registering av verksemd.
- Fyll inn organisasjonsnummer (9 siffer) og namn på verksemda. Ønskjer du at namn og org.nr skal skjulast for varslingsloggen til kommunen kryssar du av for “Hemmelig”.
- Velg deretter kva kommune som skal ha tilgang til oppføringen.
- Legg inn gatenamn og husnummer, velg utfrå lista som Varslemeg.no føreslår.
- Velg kva gruppa verksemda tilhøyrer, basert på vald gruppe vil sårbarheit settast automatisk.
- Legg inn tilleggstelefonnummer som kjem i tillegg til telefonnummeret som vart nytta for å logga inn. Dette nummeret vil også bli varsla knytt til oppgitt gatenamn. (Dette steget er valfritt)
- Klikk «Lagre»
Verksemda er no oppført i Tilleggsregisteret for vald kommune. Oppføringa kan endrast og oppdaterast ved å logga inn med same telefonnummer som i steg 2.
For privatpersonar
For privatpersonar vert det henta kontaktinformasjon frå det nasjonale kontaktregisteret. Ved å registrera privatpersonar via Varslemeg.no kan personar registrera seg med tilleggsoppføringar på adresser som ikkje ligg i det nasjonale kontaktregisteret. For eksempel kan du få oppføring på foreldre eller slektningar sin bustadadresse.
- Gå til Varslemeg.no og klikk på «Ny/endre oppføring»
- Oppgje telefonnummer for å motta PIN-kode for innlogging. OBS: Dette telefonnummeret blir automatisk oppført som oppføring for personen og varslingar som vert sendt via SMS vil gå direkte til dette nummeret. Deretter får du ein oversikt over eksisterande oppføringar knytt til oppgitt telefonnummer.
- For å legga til ny oppføring, klikk «Legg til ny oppføring». Om du ønskjer å endra eksisterande oppføring klikkar du på denne i staden for.
- Velg «Privatperson».
1. Legg til namnet som skal vera knytt til telefonnummeret. Ønskjer du at namn skal skjulast for varslingsloggen vår, kryssar du av for “Hemmelig”.
2. Vel deretter kva kommune som skal ha tilgang til oppføringa.
3. Legg inn gatenavm og husnummer, velg utfrå lista som Varslemeg.no føreslår.
4. Vel kva gruppa du høyrer til.
5. Legg inn tilleggstelefonnummer som kjem i tillegg til telefonnummeret som vart nytta for å logga inn. Dette nummeret vil også bli varsla knytt til oppgitt gatenamn. (Dette steget er valfritt).
6. Klikk «Lagre»
Privatpersonen er no oppført i Tilleggsregisteret for vald kommune. Oppføringa kan endrast og oppdaterast ved å logga inn med same telefonnummer som i steg 2.