Transportordning for personar med nedsett funksjonsevne - arbeidskøyring
Generelt
Transportordninga for personar med nedsett funksjonsevne er eit ikkje lovfesta tilbod til innbyggjarar i Vestland som på grunn av varig sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte det ordinære kollektive rutetilbodet.
Målgruppe
Transportordninga er eit ikkje lovfesta tilbod til personar:
- som ikkje kan nytta vanleg rutetransport
- med nedsett mobilitet/sjukdom som hovudregel vil vara i meir enn 2 år
- som hovudregel er fylt 10 år og heimehøyrande i Stord
- med varig tilrettlegt arbeid i verna verksemd
Kriterium/vilkår
Tilbod om arbeidskjøring gjeld mellom heim og arbeidsstad.
For å kunne søkje om arbeidskøyring må ein vere godkjent TT-brukar.
Kontakt
Eining for habilitering
Nina S. Walquist
E-post: nina.steinsbo.walquist@stord.kommune.no
Telefon: 975 52 048
Tenesta oppdatert: 31.08.2022 14:44