Avløysarordningane i jordbruket
Som husdyrbrukar skal du kunne ta ferie og planlagd fritid ved å få tilskot til avløysing mens du er borte.
Tenesteomtale
Avløysarordningane er ein del av velferdsordningane i landbruket. Du kan søkje om tilskott til avløysing ved mellom anna
- ferieavvikling
- sjukdom
- svangerskap/fødsel/adopsjon
- følgje av sjukt barn til behandling
- dødsfall i nær familie.
Tilskottet skal dekkje utgifter til lønn, feriepengar, arbeidsgjeveravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysaren.
- tradisjonell fjøsavløysing
- saueklipping
- klauvskjering
- vedlikehald av driftsbygning i form av til dømes måling eller snikkararbeid
- rundballepressing
- jordarbeiding
- spreiing av husdyrgjødsel
- gjerdehald
- beiterydding
- frakt av dyr til og frå beite mv..
Målgruppe
Landbruksføretak.
Kriterium/vilkår
- Føretaket må ha disponert dyr på ein av teljedatoane, ha slakta eller selt dyr i søknadsåret, eller ha levert rugeegg til rugeri i søknadsåret.
- Føretaket må ha hatt faktiske utgifter til avløysing i søknadsåret.
- Avløysartenesta må vera knytt til husdyrdrifta i føretaket.
Pris for tenesta
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Lover
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Du bør kunna dokumentera at du har hatt utgifter til avløysing som er knytt til husdyrhald. Du søkjer ved å logga deg inn på Altinn og sender søknaden derfrå. Tilskotet blir automatisk berekna, basert på opplysningane i saka. Du kan også henta opp rettleiing og forklaringar inne i systemet dersom det trengst. Når kommunen har behandla søknaden blir sendt svaret og vedtaket til deg via Altinn.
Vedlegg
I søknaden legg du ved bokføring, korrespondanse og andre merknader som handlar om tilskotet.
Saksbehandling
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere sak. Deretter blir det gjort eit vedtak.
Saksbehandlingstid
Kommunen vil behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Står kommunen fast på avgjerda, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Tenesta oppdatert: 18.12.2024 14:08