Avd. Studalen er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming. Her finn ein 9 bustader, kvar bustad inneheld 1 soverom i tillegg til stove/kjøkken. Det vert gitt heildøgns omsorg til dei bebuarane som har behov for det.
Avd. Studalen, i lag med avd. Kjøtteinsvegen, utgjer Tunet burettlag, og høyrer til VESTBO, Vestlandske Boligbyggelag. Bebuarane eig, eller leiger bustadane.
Visjon
Gode relasjonar skapar trivsel og meistring
Mål
Skapa ein trygg og omsorgsfull heim i eit miljø som stimulerer til utvikling
Informasjon
Bebuarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova. Tenestene vert gitt utifrå den einskilde bebuar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde bebuar, pårørande og verje.
Alle bustadane samarbeider med arbeids- og aktivitetstilbod, pårørande, fastlegar, fysio- og ergoterapeutar, habiliteringstenesta m.fl.