Forprosjektet er presentert i ein rapport med tittelen "Byen og regionsenteret Stord – lokomotiv for vekst og utvikling i Sunnhordland?".
I prosjektet er variablane arbeidsmarknad, bustadmarknad, arealdisponering, infrastruktur, næringsliv og kompetanse studert med føremålet å finne flaskehalsar i samspelet mellom byen og omlandet som kan hindre regional utvikling. Målsetnad for forprosjektet har vore å studere samhandling mellom Stord som regionsenter og kommunane i Sunnhordland for mellom anna å kunne identifisere eventuelle flaskehalsar og problemområde knytt til regional vekstkraft.
Stord må ta rolle som lokomotiv
Målpunktanalysen indikerer at Stord har utfordringar i forhold til korleis rolla som regionsenter blir forvalta. I tillegg har Sunnhordland ei stor utfordring i høve posisjonering og samhandling i forhold til sterke regionar i Bergens- og Haugesundsområdet. Analysen peikar på at det i dette arbeidet er viktig at Stord tar rolla som lokomotiv for regionen Sunnhordland.
Prosjektet er ein del av det nasjonale "Byregionprogrammet" i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. "Byregionprogrammet" skal mellom anna auke kunnskapen om samspelet mellom by og omland for å styrke desse områda sin regionale vekstkraft.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland har vore prosjektleiar på vegne av Stord kommune, og Akvator AS utførande konsulent i arbeidet med forprosjektet.