Haugaland Kraft ønskjer å vera til stades på Stord og høyra til det lokale næringslivet. Som ein lokal strømleverandør, og leverandør av nett- og breibandtenester er det viktig å gje tilbake til lokalsamfunnet og bidra til samfunnsutviklinga.-
Ved å gå inn som hovudsamarbeidspartnar med Stord Næringsråd vert Haugaland Kraft meir synlege, og vil bidra med arrangement og til aktivitetar på Stord på linje med dei andre hovudsamarbeidspartnarane; Sparebanken Vest, Fronta, SKL og Kværner.
Stord Næringsråd meiner avtalen vil bidra til å styrka samarbeidet i ein større bu- og arbeidsmarknad, i tillegg til å bidra til økonomiske og faglege tilskot til næringslivet på Stord.
Bilete: Gunn Margareth Lassesen, direktør kommunikasjon og Kundetjenester, og Anne-Grete Sandtorv, dagleg leiar Stord Næringsråd.