Har du planar om å utarbeida privat framlegg til reguleringsplan for eit område i kommunen, må du først ha eit oppstartsmøte med kommunen, jf § 12-8 i plan- og bygningslova. I eit oppstartsmøte vert rammer og føresetnader for planarbeidet avklara. Det skal også avklarast om planforslaget utløyser krav om konsekvensutgreiing og planprogram.
Det er krav til at private forslagsstillarar skal senda inn eit planinititativ seinast samtidig med førespurnad om oppstartsmøte, jf. § 1 forskrift om handsaming av private forslag til detaljregulering. Mal for planinitiativ finn du her (word)
Kommunen har høve til å stoppe planarbeidet før, under eller seinast like etter møtet.
Oppstartsmøte kan òg vere naudsynt før ein kan gå i gang med endring av reguleringsplan (forenkla prosess plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd).
Rettleiing
STARTPAKKE FOR REGULERINGSPLANAR - Retteleiar for deg som skal laga reguleringsplan (pdf).
Retteleiaren innheld vedlegg i form av rettleingsdøme, malar og sjekklister som skal nyttast ved utarbeiding av reguleringsplanar i Stord kommune.
Du kan laste ned malar og sjekklister som word-fil via lenkjene under:
- Vedlegg A Mal for planinitiativ
- Vedlegg D Mal for oppstartsmelding
- Vedlegg E Mal for kunngjeringsannnonse
- Vedlegg F Fagkunnig si sjekkliste
- Vedlegg H Mal for utforming av reguleringsføresegner
- Vedlegg J Mal for erklæring om dekning av kostnader til fornminneundersøking
- Vedlegg M Sjekkliste for plankart
Regjeringen
- Planlegging etter plan- og bygningslova
- Rettleiar reguleringsplan
- Rundskriv endringar i reglane for å endra reguleringsplan pbl §12-14
- Barn og unge og planlegging etter plan- og bygningslova - temarettleiar
- Plankartsiden
- Folketrakk - ein nasjonal plattform for medverknad
Gebyr
Det er gebyr m.a. på:
- oppstartsmøte
- avklaringsmøte
- handsaming av reguleringsplan
- handsaming av mindre reguleringsendringar
- privat planinitiativ
- stopp av planinitiativ
Her finn du oversikt over gebyr i Stord kommune