Kommunestyret vedtok språkbruksplan for tilsette 19.12.2022.
Me har som mål å kommunisera presist med innbyggjarane og andre. I tråd med krava i språklova brukar me eit klart språk som er tilpassa målgruppa.
Retningslinjene for språkbruk skal hjelpa oss som skriv på vegner av Stord kommune, til å skriva gode tekstar.
Korleis me vel å uttrykkja oss, seier noko om kven me er. Godt språk er god sørvis.
Me skal nytta nynorsk og eit klart språk i informasjon til innbyggjarane:
- I ekstern informasjon på nett, publikasjonar, pressemeldingar, kunngjeringar, annonsar og tekst i sosiale medium.
- I skjema som innbyggjarar, institusjonar, organisasjonar eller verksemder i regionen skal fylla ut.
- På alle skilt for kommunale bygg og liknande.
- I all digital programvare tilgjengeleg, så langt det er mogleg.