Rett til slik hjelp er heimla i Barnehagelova § 31
Barn under skulepliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp når dei har særleg behov for dette. Hjelpa omfattar tilbod om foreldrerådgjeving.
Retten til spesialpedagogisk hjelp er ein individuell rett. Den spesialpedagogiske hjelpa skal vera gratis ved at føresette ikkje kan verta pålagt utgifter knytt til spesialpedagogisk hjelp.
Formålet med spesialpedagogisk hjelp er å gje barnet tidleg hjelp og støtte i til dømes språklege og sosiale dugleikar. Hjelpa skal bidra til barnet si utvikling og læring. Ho skal også bidra til at barnet vert betre rusta til å byrja på skulen, og til at det får nødvendig hjelp med vanskane på eit tidleg tidspunkt.
Kommunen har plikt til å oppfylla retten til spesialpedagogisk hjelp jf. barnehagelova § 31 fjerde ledd, og det er kommunen som har ansvar for at barn som har rett til spesialpedagogisk hjelp, faktisk får den hjelpa som er fastsett i vedtaket.
Barnet har berre rett til spesialpedagogisk hjelp i den kommunen det er busett. Dette gjeld også om barnet går i ein barnehage utanfor kommunen.
Les meir om retten til spesialpedagogisk hjelp her:
Udir – spesialpedagogisk hjelp
Barnehagelova kap. VII