Løyvesøkjaren, og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha vist ulasteleg vandel. Styrar og reservestyrar for løyvet må i tillegg ha bestått kunnskapsprøven om alkohollova, vera over 20 år, og arbeida i verksemda, som hovudregel i 100% stilling.
Ved søknad om førstegongs skjenkeløyve må løyvehavaren, før søknaden vert handsama politisk, ha sendt inn følgjande dokumentasjon:
- Målsett teikning med tydeleg markering av skjenkearealet
- Beskriving av staden sitt driftskonsept. Skjenkelokalet må ha eit tydleg konsept som vert spegla i lokalet og interiøret
- Godkjent leigekontrakt/skøyte
- Beskriving av verksemda sin internkontroll etter alkoholforskrifta kap. 8, jf. Guide til god internkontroll etter alkohollova og utfylt internkontrollskjema frå Helsedirektoratet, som ligg nedst på rettleiingssida deiar, tilpassa eiga verksemd og konsept.
- Dokumentasjon på at styrar og reservestyrar er fast tilsette i verksemda
- Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve
For å bidra til å skapa eit trygt og godt uteliv, vert det lagt til grunn for vedtak om skjenkeløyve at løyvehavaren gjer seg kjent med, og ivaretek sine plikter gjeve med heimel i politilova § 11, og forskrift om politivedtekter for Stord kommune, Vestland ved gjennomføring av tilbod/arrangement.
Løyvehavaren skal til ei kvar tid oppfylla dei krava som er sette i alkohollova, anna alkoholregelverk, og dei vilkåra som er sette i løyvevedtaket.