Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skjenkeløyve - fast

Driv du ein serveringsstad og ønskjer å servere alkohol, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.

Generelt

Fast skjenkeløyve kan ikkje bli gjeve aleine, det må og ligge føre eit serveringsløyve. Fast skjenkeløyve blir tildelt for inntil fire år om gongen, og  det kan i tillegg bli gjeve skjenkeløyve for ein del av året eller utvida for eit enkelthøve.

Tenesteomtale

Skjenkeløyve er eit løyve til å servera alkoholhaldig drikke frå ein serveringsstad. Løyvet er knytt til ein særskild løyvehavar, eit spesifikt serveringslokale, ein styrar og ein reservestyrar. 

Dersom det innanfor den 4-årige løyveperioden skjer endringar i drifta eller personar som er knytt til skjenkeløyvet, skal det straks meldast frå til kommunen. Bruk skjemaet; Bevilling - melding om endringer.

Eit skjenkeløyve kan gjelda for

  • alkoholhaldig drikk gruppe 1, over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk gruppe 2, med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent 
  • alkoholhaldig drikk gruppe 3, all alkoholhaldig drikk

Kriterium/vilkår

Løyvesøkjaren, og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha vist ulasteleg vandel. Styrar og reservestyrar for løyvet må i tillegg ha bestått kunnskapsprøven om alkohollova, vera over 20 år, og arbeida i verksemda, som hovudregel i 100% stilling. 

Ved søknad om førstegongs skjenkeløyve må løyvehavaren, før søknaden vert handsama politisk, ha sendt inn følgjande dokumentasjon:

  1. Målsett teikning med tydeleg markering av skjenkearealet
  2. Beskriving av staden sitt driftskonsept. Skjenkelokalet må ha eit tydleg konsept som vert spegla i lokalet og interiøret
  3. Godkjent leigekontrakt/skøyte
  4. Beskriving av verksemda sin internkontroll etter alkoholforskrifta kap. 8, jf. Guide til god internkontroll etter alkohollova og utfylt internkontrollskjema frå Helsedirektoratet, som ligg nedst på rettleiingssida deiar, tilpassa eiga verksemd og konsept.
  5. Dokumentasjon på at styrar og reservestyrar er fast tilsette i verksemda
  6. Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve

For å bidra til å skapa eit trygt og godt uteliv, vert det lagt til grunn for vedtak om skjenkeløyve at løyvehavaren gjer seg kjent med, og ivaretek sine plikter gjeve med heimel i politilova § 11, og forskrift om politivedtekter for Stord kommune, Vestland ved gjennomføring av tilbod/arrangement.

Løyvehavaren skal til ei kvar tid oppfylla dei krava som er sette i alkohollova, anna alkoholregelverk, og dei vilkåra som er sette i løyvevedtaket.
 

Pris for tenesta

Gebyr for skjenkeløyve i Stord kommune er til ei kvar tid i samsvar med alkoholforskrifta § 6-2.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Sjå spesielt:
Alkohollova §§ 1-3, 1-7, 1-7a, 1-7b og 1-7c.

Forvaltningsloven
Alkoholforskriften
Alkoholloven
Serveringsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du må søkje på skjema frå kommunen. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.

Saksbehandling

Når søknaden er motteken i kommunen, skal det innhentast uttale frå politiet. Kommunen kan også innhenta opplysningar frå skatte- og avgiftsstyresmaktene og frå andre offentlege styresmakter. Du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.

Saksbehandlingstid

Saksbehandlingstida for skjenkeløyve kan ta inntil 4 månader, jf. alkohollova § 1-11. Sakshandsamingstida gjeld frå den datoen me har motteke all naudsynt dokumentasjon frå søkjar.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klaga på vedtaket innan en frist på tre veker frå du tok imot det. Grunngi kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast.

Om du treng rettleiing kan du ta kontakt med avdeling fellestenester.

Kontakt

Telefon: 53496600
Avdeling: Fellestenester

Tenesta oppdatert: 06.01.2025 16:24