I areal utgjer dette rundt 63000 m2 og omhandlar mellom anna 10 skular, 6 barnehagar, 2 idrettsanlegg, institusjonar, rådhus, kulturhus og ulike andre bygg.
Avdelinga har rundt 40 tilsette og fleire av desse er fagarbeidarar, dei fleste av våre reinhaldarar har mange års røynsle innan reinhaldsfaget.
Kvalitet vert målt etter NS-Insta800 standard.
Målet vårt er å levere forventa kvalitet, yte god service og gi vegleiing til våre brukarar.