Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Radon

Tenesteomtale

Radon er ein luktfri, usynleg og radioaktiv edelgass som fins i grunnen. Om ein lever med inneluft med høge konsentrasjonar over tid (mange år), kan det vera ei årsak til helseskade.

 

Målgruppe

Strålevernsforskrifta krev at barnehagar, skular og utleigebustadar skal kunna dokumentera radonnivået og ha gjort tiltak om radonnivået er for høgt.

Krav til private eigarar

For private verksemder er det eigar sitt ansvar å gjennomføra måling. Det er ikkje krav om  måling i eigen bustad, men for utleigebustader gjeld kravet.

Kontakt

Nærare informasjon finst på heimesida til Statens strålevern

Stord kommune utfører ikkje målingar for private.

Kommuneoverlegen kan elles kontaktast for nærare informasjon eller drøfting av resultata.

Kommunelege Petra Turet Olsen

E-post: petra.turet.olsen@stord.kommune.no 

Tlf 53 49 66 30 / 456 54 671

Tenesta oppdatert: 04.01.2024 10:16