Personvern – dine rettar
Som innbyggjar har du rettar til dine eigne personopplysingar som blir brukte av kommunen. Blant anna har du rett til å få vite kva kommunen har av informasjon om deg og kva dei opplysingane blir brukte til.
Tenesteomtale
Rett til innsyn i eigne opplysingar
Du kan be om å få ein kopi av alle opplysinga dine, også elektroniske spor, metadata og kva profilar du er blitt overdrege.
Det er gratis å få innsyn og du kan vende deg anten til kommunen sentralt eller den delen av kommunen du ønskjer innsyn frå, for eksempel barnevernet eller fastlegen.
Rett til å korrigere feilaktige opplysingar
Dersom du oppdagar at kommune sit med opplysingar om deg som er urette, kan du krevje retting. Du må kunne sannsynleggjere at opplysingane er urette og kva som er korrekt.
Rett til sletting
I nokre tilfelle kan du krevje at opplysingane dine blir sletta. For eksempel når det ikkje lenger er nødvendig å behalde opplysingane dine.
Det er ein del unnatak til denne retten, og eitt av dei er dei offentlege styresmaktene si arkiveringsplikt.
Rettar ved automatiserte avgjerder
Når kommunen baserer saksbehandlinga si på eit dataprogram, for eksempel dersom du blir automatisk overdregen ein barnehageplass, har du rett til:
- å seie meininga di
- å klage på avgjerda
- å krevje at eit menneske gjennomgår saka.
Kommunen skal informere deg om at dei bruker automatisk saksbehandling og kva konsekvensar det har for deg.
Målgruppe
Alle som bur i kommunen.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Dette er ei lovpålagt teneste. Sjå:
- Rett til innsyn, personvernforordninga artikkel 15
- Rett til retting, personvernforordninga artikkel 16
- Rett til sletting, personvernforordninga artikkel 17
- Rettigheter ved automatiserte avgjørelser, personvernforordninga artikkel 22.
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Du kan ta kontakt med kommunen sentralt, for eksempel ved tenestetorget, eller til det enkelte tenesteområdet.
Saksbehandling
Kommunen skal vurdere alle innsynsspørsmål og gi eit svar eller utføre den etterspurte handlinga.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle spørsmålet så snart som mogeleg og seinast innan ein månad.
Høve til å klage
Dersom du meiner at personvernrettane dine ikkje er blitt følgt, kan du klage til kommunen eller til Datatilsynet.
Tenesta oppdatert: 11.05.2020 08:52