Gratis parkering med parkeringsskive

Parkeringsskjeve får du kjøpt på i rådhuset og kulturhuset til kr 25,- per stk., eller andre stadar dei sel slike. 

Gjeld følgjande stader:

  • Leirvik sentrum: inntil 2 timar
    • Torget, SKE-bygget, Osen, Vidsteenstunet/Sorenskrivareigedomen, Borggata/Borggarden, Øvre Borggata, Jens Hystadveg, Stord kommunale rehab. senter, Snøggbåtterminalen, Torgbakken, P-dekke v/ NAV.
  • parkeringsplass: inntil 10 timar 
  • Vabakkjen pakeringsplass: inntil 10 timar

Sjå kart over parkeringsplassar her

Tidsavgrensinga er kvardagar kl 07.00-18.00, laurdag kl 07.00-16.00, søndag er det ingen tidsavgrensing.

Tidsavgrensinga og krav til parkeringsskive gjeld også for el-bilar.

På parkeringsplassar skilta med parkering (skilt nr. 552) kan rørslehemma stå så lenge dei vil, utan parkeringsskive, så lenge dei har HC-kort liggande godt synleg for kontroll. Dette følger av parkeringsforskriften § 24 fjerde ledd.

Skilta tidsavgrensing på særskilte avsette plassar for rørslehemma med makstid, gjeld makstida etter sin ordlyd.

Betalingsautomat

Det er betalingsautomat på følgjande plassar: 

  • Backertunet parkeringsanlegg i sentrum ligg i underetasjen i Bandadalsplassen 5 (ta av frå fv544 i rundkøyringa)I underetasjen på Bachertunet i sentrum (ta til venstre i rundkøyringa)
  • Bytunet kjøpesenter i sentrum (privat parkeringsselskap)
  • Amfi kjøpesenter i sentrum (privat parkeringsselskap) har gratis parkering dei to første timane og avgiftsbelagt etter det.

Tidsrom for avgiftsparkeringa på Bachertunet er som følgjer:

  • Måndag til fredag klokka 07.00 - 19.00
  • Laurdag klokka 07.00 - 17.00
  • Sundag gratis

Betalingssatsar knytt til parkering

Ved feil på parkeringsautomat

Meld frå til sentralbordet på tlf: 53 49 66 00 eller send e-post.

Gebyr og kontrollsanksjon

Jf. Parkeringsforskriften:

  • Dersom du feilparkerer i strid med stanse- og parkeringsforbod etter skiltforskrifta eller trafikkreglane kan du få parkeringsgebyr på kr 990.-
  • Dersom du bryt vilkår som krav til dokumentasjon på stader med gratis parkering (for eksempel gløymer å trekka billett) kan du få kontrollsanksjon på kr 330.-
  • Dersom du bryt andre vilkår, som manglande betaling, parkerer lenger enn tillatt makstid, parkerer på reservert plass eller utanfor oppmerking kan du få ein kontrollsanksjon på kr 660.-
  • Parkerer du på reservert plass for forflyttingshemma kan du få kontrollsanksjon på kr 990.- I tillegg risikerer du at bilen din raskt blir inntaua.

Gebyret vert auka med 50% ved for sein betaling. Informasjon om betaling og klageordninga finn du på gebyret.

Parkeringsgebyr og klage

Stord kommune sin trafikkbetjent patruljerer både i sentrum og i resten av kommunen. Ved parkering i strid med vegtrafikklova, trafikkreglane, parkeringsforskrifta eller skiltforskrifta, er det deira oppgåve å gje parkeringsgebyr eller kontrollsanksjon.

Du har høve til å klaga på gebyr eller tilleggsavgift. Klage skal framsetjast skriftleg, på eige klageskjema eller i vanleg brev.

Parkering – klage på gebyr, kontrollsanksjon eller borttauing - stord (skjema.no)

Hovudmål for parkeringsordninga i Leirvik sentrum

Stord kommunestyre har vedteke å leggja til grunn følgjande hovudmål for parkeringspolitikken i Leirvik sentrum:

  • Parkeringspolitikken skal ha som mål å gjera sentrum lett tilgjengeleg for handlande, reisande, besøkande og andre som har ærend i sentrum.
  • Det skal takast omsyn til funksjonshemma sine særskilde behov for parkering.
  • Parkeringspolitikken skal vurderast i høve til grøntareal, energipolitiske og etiske omsyn.
  • Skilting skal vera slik at det er minst mogeleg parkeringsrestriksjonar på kveldstid og i helgar.
  • Det skal vera tilstrekkeleg med korttids parkeringsplasser i sentrumskjernen og langtids parkeringsplasser i ytre deler av sentrumsområdet.

Stord kommune har, i tillegg til politiet, myndighet til å handheva all stans og parkering av motorvogn på veg som er open for alminneleg ferdsel i Stord kommune. Stord kommune har òg løyve til å innføra avgiftsparkering, dvs. parkering mot betaling.