Helsestasjonen
Den nye helsestasjonen utfører barnekontrollar, barnevaksinasjonar og heimebesøk for alle 0-5-åringar i Hystad- og Rommetveitområdet.
Det omfattar alle som er busett frå og med Møllebruo ved kyrkja og heilt til grensa mot Fitjar kommune i nord. Barna på Huglo soknar også til den nye helsestasjonen.
– I dette området er det 50-70 fødslar kvart år, kan helsesøster Hanne Robbestad opplysa.
Det er Robbestad som styrer den nye helsestasjonen, og ho prøver å kalla inn fleire samstundes.
– Det er veldig kjekt for både foreldra og barna å få møta andre i same situasjon. Så me driv faktisk litt med nettverksbygging.
Lokala til den nye helsestasjonen er lyse og luftige. Det er Robbestad nøgd med. Ho synest også det er positivt å vera del av eit skulemiljø.
På den nye helsestasjonen har Hanne Robberstad med seg assistentane Helga Hagerup og Jorunn Sætre. Lege Helge Vie vil vera til stades måndagar frå 8 til 12.
Helsestasjonen i Nordbygdo har ope måndag, onsdag og torsdag frå 8.30 til 15.00, tysdag og fredag etter avtale.
Skulehelseteneste
Vegg i vegg med den nye helsestasjonen ligg skulehelsetenesta i Nordbygdo. Skulehelsetenesta har ope kvar tysdag og annankvar onsdag (oddetalsveker).
Hos skulehelsetenesta i Nordbygdo finn me helsesøster Monica Brekke Fosse og lege Gunhild Sundal.
Bildene:
Øvst: Inngangsparti Nordbygdo helsestasjon
Midten: Helsesøster Hanne Robbestad i samtale med assistent Helga Hagerup.
Nedst: Lege Gunhild Sundal tek ein sjekk av øyret til helsesøster Monica Brekke Fosse ved skulehelsetenesta.
Alle foto: Camilla Larsson