Ho er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole, med spesialisering innan innkjøp, og var den første som hadde stillinga som innkjøpssjef då Sunnhordland interkommunale innkjøpsforum vart formelt etablert i 1999.
- Når sjansen å kunna få jobba i stillinga dukka opp igjen, måtte eg berre søkja. Det interkommunale samarbeidet har ein stor spennvidde og byr på arbeidsoppgåver innan fleire interessante fagfelt som eg kjenner frå tidlegare. I jobben i økonomigruppa har eg vore involvert i nokre innkjøpsavtalar, blant anna var eg med i prosjektgruppa som har jobba for å få på plass eit system for elektronisk faktura i Stord kommune, fortel den nye innkjøpssjefen.
Sunnhordland interkommunale innkjøpsforum består av eit samarbeid mellom dei fem kommunane Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes. Kvar kommune har eigne innkjøparar, som innkjøpssjef Fjeldstad skal jobbe tett saman med. I tillegg vil noverande innkjøpssjef Odd Magne Agdestein også framover ha arbeidsoppgåver relatert til innkjøp.
- Dette gjev oss større kapasitet til å satse meir på utvikling og oppfølging samt moglegheit for eit aktivt samarbeid ut mot kommunane, seier Fjeldstad.