Denne planen vart vedtatt i Komite for næring, miljø og kultur 18. februar 2015.

Bakgrunn for planen er at det dei siste 15 åra er bygd mange nærmiljøanlegg i Stord kommune, og det er trong for rehabilitering av fleire av anlegga.

Plandokument

Rehabiliteringsplan nærmiljøanlegg Stord kommune 2015-2025 (PDF)

Rehabiliteringsplanen er eit supplement til kommunedelplanen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv som vart vedteken av kommunestyret i møte 12. februar 2015.

Planen inneheld oversikt over nærmiljøanlegg i Stord kommune med status og samla trong for rehabilitering av nærmiljø- og aktivitetsanlegg, og handlingsprogram for perioden 2015-2025. Planen skal rullerast minst kvart 4. år.