Involvering av innbyggjarane i plan- og utviklingsarbeid har stor verdi. Det er innbyggjarane som kjenner nærmiljøa sine best og veit kva som finns av både ressursar og utfordringar. Brei involvering gir også eit større eigarskap og forståing for dei planane som blir laga. Utfordringa med innbyggjarinvolvering er at det er vanskeleg å finne gode måtar å gjere dette på. Dei tradisjonelle metodane som folkemøte og høyringsrundar når berre eit lite utval. Ei anna utfordring er å sikre at innspela som kjem blir høyrt og at ein som innbyggjar kan sjå noko igjen – både konkret og gjennom framtidige planar.

Målet med denne innspelsrunden  er difor ikkje berre å få inn kunnskap om nærmiljøet, men også å finne fram til gode metodar for brei involvering. Arbeidet inngår i  det nasjonale prosjektet  Nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelse, der kommunen får statlege tilskotsmidlar i tre år. Prosjektet er forankra i folkehelserådet, og starta opp i desember 2015 då ordførar Harry Herstad signerte samarbeidsavtale med Hordaland fylkeskommune.

Dokument

Innspel til gode sosiale møteplassar og trivelege nærmiljø