Meld frå om arrangement
Sør-Vest politidistrikt har eige skjema som du kan bruke for for å søke om/melde inn arrangement.
Politiet har også samla ein oversikt over lover, regler og rettleiing som kan vera til hjelp når du planlegg eit arrangement.
Ulike frister
- Om arrangementet er meldepliktig må du sende søknaden minimum to veker før start.
- Om arrangementet er søknadspliktig må du sende søknad minimum fire veker før start. Ved større arrangement bør du orientere politiet alt når du starter planlegginga.
- Ved markeringer av politisk eller annen art, som av naturlige årsaker er ønskja arrangert innan kortere tidsfrister, skal du snarest mogeleg melde frå til politiet.
Melde eller søknadsplikt?
Arrangør si melde- og søknadsplikt er heima i politilova § 11 og forskrift om politivedtekter, Stord kommune §§ 7-1 og 7-2.
§ 7-1. Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad
Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som hovudsakleg er av underhaldande, kunstnarisk, selskapeleg eller kommersielt slag, òg som har ein storleik som vil føre til behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkje om dette innan ein frist som politiet set.
§ 7-2. Meldeplikt for allment tilgjengelege arrangement
Den som vil halde eit arrangement som er allment tilgjengeleg, må i god tid forut for arrangementet sende melding til politiet, når arrangementets art eller storleik gjer det sannsynleg at politioppsyn blir naudsynt av omsyn til ro og orden eller avvikling av trafikken. Dette gjeld også når arrangementet ikkje skjer på offentleg stad.
Avlysning
Dersom arrangementet vert avlyst gir du melding om dette til politiet så snart som mogeleg.
Spørsmål
Har du spørsmål til søknaden kontakter du politiet i Sør-Vest på post.sor-vest@politiet.no