På ”Mandagsklubben” kan medlemane koma i lag med støttekontakt, søsken eller aleine. Klubbkveldane skal dei sjølv få vera med å bestemma innhaldet i. Det kjem til å vera ulike spel, musikk, dans, kiosksal osv. Musikk kan medlemane også ta med seg sjølve.
Klubben er open for nabokommunar, og har opningstid kvar måndag kl 18.00-21.00.