Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logoped for barn og unge

Generelt

Logopeden arbeider både direkte med barn og unge, og indirekte i form av rådgjeving til føresette, barnehage og skule. Dei viktigaste samarbeidspartnarane er føresette, barnehage, skule, helsestastjon og PPT.

Dei born og elevar ein er uroa for når det gjeld språkutvikling, uttalevanskar, taleflytvanskar og liknande skal skule eller barnehagen ta opp i ressursteamet sitt. Der vil saka verta drøfta saman med PPT for kva evt tiltak som skal iverksetjast. 

Målgruppe

1.  Førskulebarn og elevar i grunnskulen med:

  • Språkvanskar (vanskar med omgrep ,setningsoppbygging eller grammatikk)
  • Uttalevanskar og fonologiske vanskar
  • Taleflytvanskar (stamming og løpsk tale)
  • Stemmevanskar

2. Foreldre, barnehagar og skular (rådgjeving og førebyggande arbeid)

Pris for tenesta

Tenesta er gratis

Samarbeidspartnarar

PPT tenesta i kommunen

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

  • Dersom ein er uroleg for eit barn med spesifikke utfordringar knytt til språklydar, taleflyt eller stemme, tek ein opp vanskane i ressursteam eller i BTI-møte med føresette. 
  • Som hovudregel arbeider logopden med barn og elevar sine vanskar etter at det er gjort ei sakkunnig utgreiing og vedtak frå Stord kommune. 
  • Ved generelle spørsmål til logopediske område, kan ein gjerne ta kontakt med logopeden for å rådføra seg.

Tilvisingsskjema finn du til høgre under Skjema.

Ein kan også få tilvisingsskjema ved å venda seg til:

  • Helsesjukepleiar
  • Barnehagar og skular 

Kontakt

Logoped

Mathilde Skeie Olsen

Tlf 47668258

Einingsleiar 

Birthe Blokhus

Tlf. 92064415

E-post: birthe.blokhus@stord.kommune.no 

Tenesta oppdatert: 16.09.2024 14:18

Skjema

Tjenester

Dokumenter

Lenker

Lover og forskrifter