Prosjektet «Byen og regionssenteret Stord – eit lokomotiv for vekst og utvikling i Sunnhordland» er del av Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt utviklingsprogram for regional vekst i by- og senterregionar. I samband med prosjektet har LINK Arkitektur fått i oppdrag å laga ein moglegheitsstudie for Leirvik sentrum.
Les meir om prosjektet hjå Samarbeidsrådet for Sunnhordland.
Føremålet har vore å utarbeide eit underlag, ei konseptvalutgreiing, utvikling- og alternativvurdering for vidare avgjerder og/eller planarbeid. Prosjektet har elles som mål å medverka til utvikling av eit robust Sunnhordland. Det skal skapast grunnlag for– og leggjast til rette for auka samhandling mellom ulike aktørar, gode møteplassar mellom næringsliv og politikarar og mellom ulike næringsaktørar og bransjar.
Målsetjinga om at Stord skal utviklast til eit attraktivt senter som det er lett å koma til og ifrå seier noko om at Leirvik som by i seg sjølv må vere ein attraktiv stad og dermed eit ønska sentrum å reise til, både innanfor arbeid og fritid. Det handlar om å definere sentrum med den identitet og den utviklingsretning som omlandet ynskjer og forventar av eit sentrum i eit byregionsenter.