Plan for legetenesta 2020-2028 med Handlingsplan for 2020-2024 vart vedteken i Utval for rehabilitering, helse og omsorg den 29.4.20.
Kommunen har det overordna ansvaret for å tilby folk naudsynt allmennlegeteneste, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 3-2. Kommunen skal utarbeida plan for legetenesta som skal rullerast og leggjast fram for Samarbeidsutvalet til uttale jf. ASA 4310 pkt. 6.2. Fastlegeforskrifta set organisatoriske krav til kommunen og funksjons- og kvalitetskrav til fastlegen si verksemd. Det skal leggjast til rette for samhandling med andre kommunale tenesteutøvarar og med helseføretaka.
Slik fastlegeordninga er i dag vil auke i folketal gje auka trong for fastlegar for å stetta folke sine rettar. Krav til kompetanse i tenesta og etterspurnaden etter legetenester aukar hjå folk. Kommunen må såleis rekna med at det trengst fleire legar i høve til folketalet. Det er aukande vanskar med å rekruttera fastlegar og me må sikra at me held på dei legane me har. Det er såleis trong for ein plan som rettar seg framover og sikrar tilgjenge til, kompetanse og rekruttering i legetenesta.
Fagplan for legetenesta har ein tidshorisont på 8 år og ein handlingsplan for dei første 4 åra. Dette er i samsvar med budsjettvedtak for 2020.