Føremål
Stord kommune si kunstordning har som mål å medverka til ei heilskapleg, kunstnarleg og estetisk utforming av det offentlege rommet. Det skal leggjast til rette for at kunst blir til glede for ålmenta, lett tilgjengeleg i kommunale bygg og uterom. 1% av kommunen sitt samla investeringsbudsjett, unnateke sjølvkostfinansierte investeringar, skal setjast av til kunst i offentlege rom.
Styret for kunstordninga
Styret for kunstordninga har fire medlemer. Dei politisk valde har stemme- og forslagsrett, kunstkonsulenten har tale- og forslagsrett.
Politisk valde medlemer:
- Reinert Svanberg (Frp), leiar - politisk vald
- Geir Angeltveit (V) - politisk vald
- Hannah Belsvik Hansen (SV) - politisk vald
- Anneli Belsvik Aras, kunstkonsulent - peikt ut av dei politisk valde medlemane i styret for kunstordninga
- Tom Knudsen (H) - varamedlem
- Per Jan Ingebrigtsen (Ap) - varamedlem
- Mai Britt Hellesund (H) - varamedlem
Frå administrasjonen, med talerett:
- Siren Eldøy Hinderaker, personal- og organisasjonssjef - peikt ut av kommunedirektøren
- Ragnhild Tveit, kulturrådgjevar
Styret for kunstordninga skal utnemna kunstkomitear til einskilde kunstprosjekt, gje mandat og godkjenna kunstplanane frå komiteane.
Kunstkomiteane skal ha med representantar frå brukarane, styret i kunstordninga og prosjektleiar for bygget. Der det er aktuelt kan arkitekten for prosjektet involverast. Komiteane skal leiast av kunstkonsulent. Konsulentoppdraget skal lysast ut i samarbeid med Hordaland kunstsenter.
Styret for kunstordninga har ansvaret for gjennomføringa av kunstprosjekt.
Opplev kommunen si kunstsamling
Visste du at du som innbyggar i Stord kommune er eigar av mykje flott kunst og utsmykking som er plassert rundt om i kommunen?
I kunstdatabasen vår kan du sjå bilete av kunstverka og finne plasseringa.
Me jobbar med å registrere alle kunstverka til kommunen og vil etter kvart utvida med kulturminne. Databasen vert stadig oppdatert. Ta kontakt med oss om du saknar noko eller har innspel til kunstdatabasen.