Forvaltning
På regionalt nivå er det fylkeskommunen som forvaltar kulturminnevernet. På lokalt har kommunen avsvaret med heimel i plan- og bygningslova.
Kulturminner er kjelder til kunnskap om fortida og skal representera eit tverrsnitt av fortida.
Ulike typar kulturminne kan vera:
- Kulturminne knytt til jordbruk og sjøbruk
- Teknisk utnytting av vassdrag
- Bergverk, industri og handverk
- Handel og service
- Offentlege bygg og anlegg
- Fornminne
- Kulturlandskap
- Materielle krigsminne
- Naturformasjonar det knyter seg særlege tradisjonar til
- Ferdselsårer og kommunikasjon
Ønskjer du å søkja om tilskot til vern?
Dersom du er eigar av eit kulturminne, så kan du søkja om tilskot til vern.
Søknadskjema er tilgjengeleg frå 26. november til 20. januar.
Du finn søknadsskjema på denne lenka.
Kulturminneplan
Eining for kultur arbeidar for tida med ein ny kulturmljøplan saman med ei ressursgruppe.
Klikk her for å lesa om planprogrammet og framdrift.